Gå til innhold

Anbefalte innlegg

Fortsetter under...

Annonse

Ojdå, kva skal ein skrive først? Og veit forresten ikkje om dette går under guilty pleasure eller matporno, kanskje beggedeler?:eek::D <3 Maaaaaaaat!<3

Er stort sett heimelaga mat som eg på lista, så eg er med andre ord min eigen motstandar.

...Det er i det minste alltid eg som vinn diskusjoen:cautious:o_O:whistle:

Gjærbakst (noko som er veldig skummelt, med tanke på at eg ein kløppar på gjærbakst. Store saftige, mjuke kveitebollar av forskjellege slag, med sjokolade, eggekrem eller anna snadder), spesielt kanelbollar, det blir bakt i mengder(!), og forsvinner alt for fort!:woot:, skulebollar er også godt, men tar lengre tid å lage, så endar som regel opp med Kanelbollar,

Vafler!<3 (vart "vafelorgie" i går)

Lapskaus, utruleg godt! Og det blir ALT for mange porsjonar til middag +restar til kveldsmat.

Sjokolade<3

Focaccia med soltørka tomat(frå bakeriet i Lom), med smør og honning!!!:love: Kan fine ete eit heilt brød aleine, på 1dag:blush:

Ostekake med bringebærsmak!

Sjokoladekyss (usikker på kva eg skal kalle det, er ein mellomting av småkake, konfekt og sjokolade? Består av smør, sukker, havregryn, kakao og kokosmasse. Bland saman, form kuler, rull i kokos, kjøl ned. Nyyyyt!:love: ).

Sjakkruter! (heldigvis er det for julekake å rekne)

Konfektkake (stor sjokoladekake/platekake, og namnet seier vel sjølv at det er mektig? Til gjengjeld er det ei av veldig få sjokoladekaker eg likar).

(norske)Jordbær med sukker og fløyte:love: Mmmm, snart sesong no!<3 Og takk og lov for at det er sesongstyrt.

Nybaka brød med smør og eggerøre!! Ah, kunne fint levd på det!<3

Kjøtkaker av geit/kje, mmm! Om eg måtte velge ein type middag for resten av livet, hadde det vore mitt valg!

Egg, bacon og passe steikt løk! I mengder!!:woot:

Mørkt øl, gjerne med litt honning- eller lakrissmak!:love: (heimebrygga, har smakt dei ein gong! DAMN det var godt det!! Fantaserar om dei endå, 7-8år etterpå)

Heimelaga pizza med MASSE ost!

Steikte tomatar med urtar og ost

Omelett med mykje godt oppi

Øl og salt chips (eller nøtter)

Spekemat (spesielt av kje)

Bacon (heimelaga, av kjøpegris)

Heimelaga kaffilefser dvs. søte lefser med fyll inni, som passar å ha attåt kaffien. Eg et dei utenom kaffi. Mange! Heldigvis er det lefsebakst ein gong i året, ellers ville eg sett ut som ein slakteklar julegris:whistle:

Potetscones med masse urtar oppi (oppskrift frå heimkunnskapsboka på ungd.skulen "frå bollar til burritos")

Og sikker mykje, myyykje anna snadder!:D

(Eg et som ein mann, bakar som ei bakstekjærring = skummel kombinasjon. MÅ då jobbe som ein hest for å få det til å gå rundt;)).

Damn! Eg visste denne tråden var ein dum ide å gå inn på, og ikkje minst svare på. Fikk vanvittig lyst til å bake masse, masse og så ete opp alt heilt aleine:p Godt klokka er såpass mykje at det ikkje let seg gjere;)

Lion isen, ostekake, Crûsli Dark Chocolate og traktorchips med Chillismak! :love::D

Ellers er det den donuten med glasur på, men den har jeg (heldigvis) ikke funnet i Norge enda :happy:

(Bare 22 dager og 9 timer til vi reiser på ferie!!! DA blir det donuts da!)

  • 3 uker senere...

Annonse

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Lim inn uten formatering i stedet

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

Laster...
×
×
  • Opprett ny...