Gå til innhold

Anbefalte innlegg

Fortsetter under...

Annonse

Er enda ikkje ferdig med utvasken i huset, må også gå over leilegheita eg har solgt og bur no heime hjå ho mor.

Det tar ca ein time og 20 minutt med bil til jobb.

Å dævven... Her va det mye... Det positive må jo være at du har jævli mye snodig du kan selge etter x'en da. Mener å huske at det va mye rart ho levna igjen.

Å dævven... Her va det mye... Det positive må jo være at du har jævli mye snodig du kan selge etter x'en da. Mener å huske at det va mye rart ho levna igjen.

Det stemmer på den såkalte prikken, men det er mykje arbeid. Ho plukka med seg det meste av verdi, så resten gjekk på haugen.

Annonse

Vel, det er måndag.

Eg overnatta hjå mor mi og bror min i helga. Eg satt oppe til klokka tre i natt og diskuterte kordan vi skal angripe framtida til bror min etter han har blitt frisk frå kreft. Dagen starta slik:

06:30: døra smeller opp og eg høyrer: ÅROLILJA!!! Du må springe bort med bosspannet!!! Det vert snart henta!

Eg: du er påkledd, våken, og sist men ikkje minst: EG BOR IKKJE HER!! Mykje hyling etterpå er eg så våken at eg berre går med søpla likevel.

Kjem innatt, går på do, og der får eg mensen.

Eg går og legg meg, men får ikkje sove før 07:30 att.

08:00 Døra smeller opp att; ÅROLILJA!!!!! Du må vekke bror din!!!

Eg: om du hadde brølt inn nabodøra hadde du sannsynlegvis vekt han og ikkje meg.

Ho: Jamen du er flinkare enn eg!

Eg: gi meg litt tid i det minste, så eg ikkje har lyst å kvæle deg.

Så kom eg meg til bybana og skulle kjøpe billett på automaten, men nei du! Der var chipen på visakortet utslitt, og automatjævlen tek ikkje sedlar. Eg løp bort til ein buss, fikk veksla, løp bort til automaten, kjøpt billett og spurta bort til bybana. I det eg kom fram ringte bjella og den seig sakte frå meg. Der stod eg i regnet.

Endeleg kom eg meg til byen, og ville berre kome meg heim før sotrabrua stengde, så eg heiv eg meg på første bussen til sotra. Det gikk radigt ca halve turen, før det var bom stopp. Då hadde det skjedd ei ulykke på brua.

Den bussturen som vanlegvis tek 20 minutt tok i dag to og ein halv time.

Kva skjedde då eg kom fram? Eg hadde gløymt husnøkkelen min hjå mor mi. Då måtte eg berre trene medan eg venta på at sambuaren min skulle kome heim.

Seriøst. Måndag.

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Lim inn uten formatering i stedet

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

Laster...
×
×
  • Opprett ny...