

Jimmydarmody
Medlemmer-
Innlegg
59 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Alt skrevet av Jimmydarmody
-
ja, det er jo det som gir "mangel".... om det ikkje er ein spesiell sjukdom som gjer det..
-
trudde vitamintilskot var til om ein har vitaminmangel(?) ville først og fremst sjekka med legen gjennom blodprøvar om de har det. Viss ikkje er det bortkasta pengar....
-
Ja eg skjønar, men det er berre mi meining, ein må jo ikkje vere einig Einig med deg at eg ville også hatt nokon med erfaring framfor ein "juksePT" med 3 vekers-"utdanning/kurs" på elixia
-
PT er nok ikkje ein beskytta tittel om du lurer på det, så kven som helst kan vel kalle seg ein personleg trenar, men det høyres ut som ein dårleg ide å utgi seg for å ha kompetanse ein ikkje innehar. Ta utdanninga om du synes det er interessant, det er kundane det går utover om du ikkje har kunnskap om faget. Er ei relativ billig og kort utdanning og ta. Eg synes uansett at der er moralsk uansvarleg å kalle seg PT utan å ha kompetansen til det. "Det virkelige spørsmålet mitt er vel egentlig om man kan få noen slags form for straff ved å fremstå som en PT gjennom kun erfaring og ikke utdanning." - seriøst? skremmande spørsmål...... Det er forresten ikkje slik at dersom ein har trent ein del år, så har ein nødvendigvis peiling. Det er berre å sjå deg rundt på eit treningssenter, majoriteten av dei som trenar trenar desverre feil. Desverre er det mange verdensmesterar rundt omkring på sentera som har lest 3 utgåver av Flex og trur dei er alltvitande om trening. (eg seier på inga måte at du er ein slik altså, berre så du ikkje missforstår meg)
-
anbefalar deg å lese denne: Aerobic high-intensity intervals improv... [Med Sci Sports Exerc. 2007] - PubMed - NCBI , du finner heile artikkelen om du søker etter den i google Er einig med Thess at 4x4 ikkje nødvendigvis er den beste intervalltreninga, du kan nytte mange ulike variantar av intervalltrening
-
Noen spm til dere ang stølhet:/?
Jimmydarmody svarte på Metal_Barbie sitt emne i Vektnedgang og matplaner
haha sorry -
Eg må sei at eg synes denne kommentaren er skremmande. Det er inga tvil om at kanskje den største utfordring i dagens samfunn er å få inaktive menneskjer til å få eit moderat aktivitetsnivå som gjev dei ei rekkje helsegevinstar, blant anna at ein unngår ei rekkje livstilssjukdommar. Desse gevinstane tenar felleskapet på i form av ei friskare befolkning, lægre helsekøar, mindre sjukefråvær osv osv. Det er akkurat denne gruppa trenarar som Yngvar, og svært mange av dei andre personlege trenarane i Noreg jobbar med. Helsefordelane dei får med å auke aktivitetsnivået sitt berre pitteltitt er betydeleg større enn dei minimale helsefordelane ein allerede godt trent person får av å auke bøypersen med 5 kg. Fordelane me får er meir eller mindre knytta til det estetiske og psykiske(i forhold til sjølvtilfredsheit med å få til noko/yte maks osv). Ikkje missforstå meg, eg er sjølv i denne gruppa nyter desse fordelane og synes det er herlig at folk aukar bøypersen! MEN kommentarar som "treningstips til idiotar" vitnar om ei dårlig haldning iforhold til den vanlige relativt utrente mannen i gata, og bidrar berre til å auke skiljet og gjere det vanskelegare for " idiotane" å ta steget til treningssentera Det er berre mi meining, det er lov å vere ueinig.
-
Noen spm til dere ang stølhet:/?
Jimmydarmody svarte på Metal_Barbie sitt emne i Vektnedgang og matplaner
No veit eg ikkje korleis treningsmengda og treningsformene dine er men eg kan kanskje påpeike nokre element som kan vere av betydning: Ved styrketrening så kan det oppstå stølheit og særlig når muskelarbeidet er uvant, når musklane arbeidar på lange muskellengder(altså kraftig på strekk), når treningsvolumet er uvant stort, og når det inkluderar eksentriske aksjonar. Sjølve fenomenet muskelstølheit har ikkje noko fullgod forklaring, men ein mulig årsak kan vere mikroskadar i muskulaturen etter muskelarbeidet. Kor hyppig ein trenar same muskel spelar i stor grad inn på muskelstølheit: om ein trenar same muskelgruppe 2-3 gongar i veka, opplev ein sjelden stølheit, men om ein trenar den same muskelgruppa berre ein kan i veka, blir ein ofte støl. Det er sjølvsagt individuelle forskjellar mellom folk, men dette er det som er vanlegast. Sidan ein opplever stølheit er det ikkje uvanleg at ein går frå å trene muskulaturen for hardt til for lett! Det er viktig å ikkje slutte heilt å trene pga stølheita, men det kan vere nødvendig å endre øvelsesutvalget, mengda eller måten du løftar vekta på (lang eksentrisk fase vs. kort eksentrisk fase etc). Så eg trur at å kutte ut treninga, vil berre føre til at neste gong du prøver igjen vil du bli ekstremt støl, og så fortsetter det i ein ond sirkel. Tøying av muskulaturen rett etter styrketrening kan i somme tilfeller forlenge restitusjonstida , då ein trur at tøying på muskulatur som nett har fått mikroskadar kan faktisk auke restitusjonstida. Så om du for eks tøyer veldig etter styrketreninga kan det vere lurt å prøve å kutte ut dette. I forhold til restitusjonstida så er næringsinntak avgjerande: det er veldokumentert at tilstrekkeleg mengder og inntak av aminosyrer og protein før/og etter trening er viktig for å få optimal treningseffekt. Dette kan vere aktuellt for deg å tenkje på, det kan vere vanskelegare å reparere muskelfibrar når ein er i kaloriunderskot. I tillegg så er søvn svært viktig i forhold til restutisjon i periodar med hard trening. No veit eg sjølvsagt ingenting om treningsregimet eller kosthaldet ditt, så det blir vanskelig å gi noke spesifikke råd, men kanskje: om du trenar bryst litt hyppigare , men med mindre belastning og volum, så kan du kan du kanskje byggje opp ei betre tåleevne for dei større belastningane. Dei intense øktene som gir ekstrem stølheit fungerar tydlegvis ikkje akkurat no, men det vil mest sannsynleg bli mogleg når musklaturen din er blitt meir vant til større belastningar. Håpar noko av dette kan vere til hjelp -
om du synes norsk er kjipt og berre har lyst å bli ferdig med særemnet utan å gjere noke, så kan eg gjerne sende deg mitt særemne ilag med powerpointpresentasjon som stod til toppkarakter
-
Vondt i ryggen - trene eller la vær?
Jimmydarmody svarte på Pernillis sitt emne i Skader og mobilitet
Hei! Ofte er det slik at ein får tilfeldige plager som går over av seg sjølv etter ei stund, men sida du har hatt det i over 2 veker, burde du kanskje vurdere å oppsøke hjelp om det ikkje gir seg etter ei veke eller to til. Det kan uansett vere lurt å prøve å sjå problema i samanheng med foreksempel ny aktivet, eller som i ditt tilfelle plutselig mindre aktivitet. Ofte så kan ein finne ei naturlig forklaring på det Om du ikkje blir kvitt plagene kan eg anbefale deg å gå til manuellterapeut eller private fysioterapeutar framfor legar, då legar har svært liten kompetanse på muskel/skjellettplager. Sidan du bur i Bergen, er Pål Lea på vågen manuellterapi veldig flink(er manuellterapeut og høgskulelektor) og du kjem billig unna der(under 300), og så har han som manuellterapeut faktisk muligheit til å henvise vidare til feks MR og andre ekspertar( sjøl om det ikkje høyres ut som noko du treng i det heile tatt)! Ofte er det slik at det kan bli verre om du ikkje brukar kroppen, og særlig når det er snakk om ryggen, ryggen er til for å brukes og til å bevege seg, så om du overbeskyttar/skjermar den kan det hende problemet ikkje gir seg, men faktisk forverrar seg. Men altså om det er nokre spesifikke øvelsar som framprovoserar akkurat den smerta du har så bør du etter all sannsyn ikkje gjere den, evt ta lettare vekter. Kanskje det hjelper å bruke massasjerulle/tennisball om det er nokre vonde punkt(?) merk at eg er på ingen måte nokon terapeut (men har erfaring frå fysioterapistudier og PTutdanning), så du må på ingen måte ta det eg seier for lov, men om du kjenner deg igjen i det eg skriv og tipsa kan hjelpe deg så er det berre flott! -
Fitness Basis på NIH - har du gått det og vil dele erfaringene?
Jimmydarmody svarte på Marita sitt emne i Personlig trening
Har tatt basiskurset i Bergen, og satt igjen med litt blanda følelsar, men det kan hende fordi eg hadde anatomi og fysiologibakgrunn fra fysioterapi. Trur foreleserene i Bergen er frå Bergen, altså dei jobbar ikke på NIH, men sysler med sine ting i Bergen(PT, fysioterapeut etc), så syntes ikkje dei var særlig gode til å lære vekk. Var mykje sånn; "eg meinar sånn og sånn, og dei som er ueinge er idiotar", litt uprofft rett og slett. Uansett så er det eit ganske enkelt opplegg, med enkel avkrysningseksamen, så om du tenker på PT, så er det lurt å bli ferdig med dette så fort som mulig, så kan du ta PT og treningsveileder samla for eksempel når du har tid til det Og om du er over snittet interessert i trening har ein ikkje skada av å lære litt fysiologi Du får tilogmed øvingsoppgaver der du finner sikkert 70 % av spørsmåla du får på eksamen! Så eksamen er ikkje stress!