Gå til innhold

Anbefalte innlegg

Eg har ikkje fått loggført treninga mi i heile januar - til tross for bra og hyppig trening.

Grunnen er frustrasjon over smertar og muskelsvakhet og "mykje rart" som dukka opp: Det starta med noko som kjendest som "kink i øvre rygg" dvs mellom skulderbladene på høgre sida, dagen etter ein times løpetur søndagskveld. Kinken blei ikkje borte. Eg trena som vanleg (dvs mest styrkeløft, litt assisterande øvelser, fire økter fordelt på 2xmarkløft, 2xknebøy, og benk alle fire). 

Så googla eg, studerte mine anatomi- og treningsbøker - og kom på at brystmusklane mine er særdeles stramme - spes på høgre sida. Ved massering av desse (både pec major og minor) blei ryggen bedre. Begynte å fokusere litt på baksida, dvs meir set og reps på bakre skuldre, øvre rygg og litt meir lats. 

Kjendte også smertar nedover armen ("på innsida" dvs medialt"), så rykningar "leamus", dvs tricepsen trena seg sjølv om natta, armane sovna, bicpsen hadde liksom ikkje lenger nok plass i senga ( :D ) det blei vanskeleg å sove og sitte, og smerten mellom arm og bryst sat godt.

Konsulterte fysioterapeuten min, fekk time tredje veke etter kinken og han kunne konstatere  stram pec minor og major og teres minor, og skalene muskelen (for deg som kan dette ;) ) - han støtta min tilnærming om å trene meir bakside og veldig lite framside overkropp. Tøying av pec minor og major og skalenemusklane; meinte eg kunne søke opp "Thoracic Outlet Syndrome" for meir info.

Eg har nå mista styrken i høgre arm: testa brystpress med manualar - greier eigtl nesten 10reps med 10kg, men fekk ikkje opp 7,5kg ein einaste rep på høgre sida ( :( ) - tricepsen det same men ikkje fullt så ille, dvs litt meir styrke.

Benkpress har eg jo kutta ut, og når eg berre skal løfte stanga (som tilsvarar kitt under 50%av maks på benk) så går det kjempefint med venstre arm, rett opp, mens høgre ja då ser det meir akrobatisk ut - tippar at eg pressar med fremre skulderen sidan pecs'en ikkje svarar :( 

Mitt opplegg vidare nå er å tøye forsiktig pecs og skalene og alt som kan altså klemme på nervene (må google TOS så får du opp fine bilder av anatomien av nervefletnigna som kjem i klem) - fysio'n meinte at eg godt kan bruke isolerande øvelser for pecs for å auke blodsirkulasjon og trene lett, men ellers var det lurt å styrke baksida - eg skal fokusere meir på beina nå ei stund også.

Er det nokon her som har vore borte i dette?
Ein kan jo google TOS og bench press og få mange treff. Men ein får jo også mange historiar som kan ta motet frå ein stakkar :(

Veldig rart å ha mista så myke styrke i høgre arm - det er ingen smertar der lenger nå, armen responderer berre ikkje så godt. Så... nokon gode tips og råd?
Eller berre litt oppmuntring, det hadde eg også satt pris på :) 

Fortsetter under...

Klem på scalenius og pectoralis minor, se hvilken av dem som fremprovoserer symptomene.Scalenius kan like gjerne være svak og stram, i så tilfelle er det dårlig butikk å strekke den. Dersom du sliter med retraksjon av skulderbladene i holdningen, kan også pectoralis minor være svak.

Enda viktigere, se til at skulderbladene ikke henger ned, men stabiliseres i korrekt posisjon via øvre og midtre trapezius

Sist jeg hadde en kunde med TOS, var det depresjon i skulderbladene som hadde skylden, og aktivering av trapezius ordnet problemet i sin helhet. Kan selvsagt ikke garantere at dette er tilfellet for deg.

Tenkte meg og håpa på at du ville koma med noko innspill her! :)

Takk! 

Jaa altså sjølv er eg dårleg til å fastslå om skulderbladene heng ned - du kan sei at det ligg i familien å ha "rund rygg" dvs skuldrene fallar fram, og eg har vel heller dette enn at skuldrene er for langt bak  - dessutan har eg i fleire år hatt stram brystmuskulatur (både pec major og minor) av stressmessige årsaker - og i tillegg trent lite rygg dvs svak trapezius og rhomboideus(ar). 

Så - dersom nå min pec minor var svak, og er nå etter stor fokus på brysttrening blitt "overbelasta" og stiv (kort?) så vil den jo dra skulderbladene framover (og derav provosere fram smertane mellom skulderbladene der musklane ikkje greier å halde imot). 

Men kva meiner du eigentleg med at "skulderbladene ikkje henger ned"? Det kjennest som om eg mine skulderblad stadig er på veg framover og oppover, og eg prøvar sjeldan bevisst å dra dei bak og nedover - fordi fysio'n meiner at om eg av spenningsmessige årsaker lar skuldrene falle fram så er det bedre å avspenne enn å tvinge skuldrene bakover - og det har også funka for meg.

Depresjon av skulderbladene er jo at skulderbladene fallar nedover, ikkje sant? Det kan eg neppe tenke meg at er tilfelle hos meg - ein annan ting som eg endra av rutine i januar er å handle matvarar med stor tung sekk på sykkelen i staden for å ha vekta hengande på styret - og sidan styret på sykkelen er for langt fram, og eg må opp ein bratt bakke heim (100høgdemeter) så har eg også kjent det i skuldrene - ubehageleg.

Men at å styrke trapezius uansett er eit bra tiltak, det har eg jo tru på - både trapezius (nedre og midtre del) og rhomboideusane er jo forholdsvis svak.

Eg synst at når det gjeld skalenemusklane, så er det alltid vondt og ubehageleg å trykke "der", vel pga alle nervane som går der? ---> forresten har eg lagt merke til når eg tek knebøy i stativet foran speil så "bular" skalenemusklane mine ut - det påpeike eg te nokon eg trena saman med - syntest det var merkeleg at det var nokre musklar som bula ut ved halsen når eg trena knebøy - men så er dei jo aksessoriske pustemusklar også, så når eg tek eit godt innpust på knebøy og markløft så får dei vel køyrt seg litt eller?
 

Synst det er vanskeleg  - då var det jo "morsammare" å ha plantar fascitt :p 

Små musklar, godt gøymt (skalene og pec minor) med stor virkning - huff det er reine detektivarbeid å finne ut om...

 

Dette tilfellet er alt for komplisert til å kunne si noe konkret her, blir bare en enorm haug av spekulasjon. Men i prinsippet ville jeg ha irritert muskulaturen som kan fange plexus brachialis for å se om det er mulig å finne en trigger.

Hvis du er ganske sikker på at skulderbladene ikke henger, så vurder scalenius. Spesielt om det er alle nervene som er affisert og ikke bare en. Om det f.eks kun er radialis som er fanget, kan du kikke på det triangulære interval (google triangular interval). Dersom scalenius føles som ståltråd, og er ekstremt rigid, er den antakeligvis svak. Du kan trene den og se hvordan det føles - blir den fort sliten ,er den nok svak.

Du må gå over entrapment punktene og se hva som fremprovoserer smertene, deretter finne ut om dette vevet er svakt eller sterkt, for å si det enkelt.

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Lim inn uten formatering i stedet

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

Laster...
×
×
  • Opprett ny...