boltzmann Skrevet 28. august 2014 Del Skrevet 28. august 2014 Eg har meldt meg på Amsterdam maraton 19. oktober som eit veddemål (skal slå ei veninne med ein time), og er usikker på om eg skal prøve å kvitte meg med nokre kg eller om det er for stor belastning. Målet er 3 timar og det blir mest sannsynleg once in a lifetime experience. Kvart kg eg klarar å gå ned vil gi meg 2 sek per km, dvs 1.5 minutt på eit maratonløp. Problemet er som følgjer: Gjekk på diett ifrå september til juni. Klarte å kome meg frå 83 til 73 kg, men fekk ikkje opp treningsvolumet på løp. På slutten var det ekstremt hardt/uuthaldeleg og eg klarte også å få senebetennelse i foten. Energiinntaket låg då på ca 2700 kcal (250 g karbo, 200 g protein, 100 g feitt), og gjekk ned sånn ca 300 gram i veka. No har vekta gått opp til 75-76 kg, men eg klarar til gjengjeld å trene ganske bra (ligg på 50-60 km i veka). Prestasjonane har derimot gått ein del ned, og er over eit minutt dårlegare på 10 km, 37 til 38:30. Høgda mi er 181 cm og feittprosenten vil eg tippe er 14-15. Har ikkje noko behov for å gå opp i muskelmasse, men ønsker å vedlikehalde og trenar styrke 2 gonger i veka. Siter Lenke til kommentar https://forum.fitnessbloggen.no/topic/31131-underskot-eller-vedlikehald-kondisjonsut%C3%B8var/ Del på andre sider Flere delingsvalg…
02-snapper Skrevet 5. september 2014 Del Skrevet 5. september 2014 feil tidspunkt å gå ned i vekt på n. Det burde du i såfall ha gjort i god tid før løpet, ikke nå. Det er så og si umulig å bygge opp formen, altså øke prestasjonen og kondisjonen samtidig som du er i negativ kcalbalanse. Marathontrening på kcalunderskudd vil også kunne påvirke immunforsvaret ditt, og det er lite kjekt å skulle snufse seg gjennom 42km. fokuser på løpetrening, nok mat og hvile. Jeg tror det vil være mye bedre forberedelse enn en slankekur boltzmann 1 Siter Lenke til kommentar https://forum.fitnessbloggen.no/topic/31131-underskot-eller-vedlikehald-kondisjonsut%C3%B8var/#findComment-1063529 Del på andre sider Flere delingsvalg…
boltzmann Skrevet 6. september 2014 Forfatter Del Skrevet 6. september 2014 Høyrer kva du seier. Starta på diett same dag som eg skreiv innlegget, og hadde eigentleg tenkt å halde på fram til 20. september. Deretter bruke dei siste fire vekene fram løpet på å utvikle formen. Men på torsdag fekk eg ein mild luftvegsinfeksjon, så då måtte eg ha nokre dagar pause. Langturen på 31 km på sundag var svært hard, og treningsløp på onsdag gjekk heller ikkje akkurat fort. Synes det er svært vanskeleg å finne god informasjon om korleis ein skal kvitte seg med overflødig feittmasse for kondisjonsutøvarar, men skal heldigvis få litt oppfølgjing etter sesongen Siter Lenke til kommentar https://forum.fitnessbloggen.no/topic/31131-underskot-eller-vedlikehald-kondisjonsut%C3%B8var/#findComment-1063922 Del på andre sider Flere delingsvalg…
Anbefalte innlegg
Bli med i samtalen
Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.