Eg har eit tips til deg - prøv bioresonans. Etter mange år med like symptomer som du nemnte, men ingen utslag på blodprøvane hos legen vart dette prøvd, og for eit resultat! Maskina oppdagar negative energibalansar i kroppen, og kan dermed registrere kva for matvarer kroppen har større vanskligheitar med å fordøye. Så eg fekk beskjed om å holde med unna gluten, rug, potet, laktose, sukker, og sitrusfrukter, då dette er matvarer kroppen min ikkje klarer å nytte seg av. Og for ei forandring! Kroppen min har endelig energi, eg sover betre om natta, har større konsentrasjon, betre humør og ein svært fornøyd og rolig mage.  
Det kostar mellom 800-1000 kroner, men det er så verd det.