Korleis er det for meg, om eg vil begynne på PSMF? Eg er ei jente på 22 år, 160 høg, og 75 kg. Trenar lite(!), men er i ein oppstartsperiode på styrketrening. Har også handballtrening ein gong i veka. Har ikkje vore treningsaktiv sidan eg var 16 år..
Vil gå på PSMF i to veker. Det eg lurer på då, er om eg kan ha eit "belønningsmåltid" den dagen eg har handballtrening, sidan det vert mykje springing og høg puls den dagen? Ein middag med kjøttkaker og poteter, for eksempel? Måltida ellers skal eg ikkje ha noke problem med å sette opp etter å ha lest alt for mykje av denne tråden.