Søk i nettsamfunnet
Viser resultater for emneknaggene 'svak rygg'.
Fant 1 resultat
-
Eg har ikkje fått loggført treninga mi i heile januar - til tross for bra og hyppig trening. Grunnen er frustrasjon over smertar og muskelsvakhet og "mykje rart" som dukka opp: Det starta med noko som kjendest som "kink i øvre rygg" dvs mellom skulderbladene på høgre sida, dagen etter ein times løpetur søndagskveld. Kinken blei ikkje borte. Eg trena som vanleg (dvs mest styrkeløft, litt assisterande øvelser, fire økter fordelt på 2xmarkløft, 2xknebøy, og benk alle fire). Så googla eg, studerte mine anatomi- og treningsbøker - og kom på at brystmusklane mine er særdeles stramme - spes på høgre sida. Ved massering av desse (både pec major og minor) blei ryggen bedre. Begynte å fokusere litt på baksida, dvs meir set og reps på bakre skuldre, øvre rygg og litt meir lats. Kjendte også smertar nedover armen ("på innsida" dvs medialt"), så rykningar "leamus", dvs tricepsen trena seg sjølv om natta, armane sovna, bicpsen hadde liksom ikkje lenger nok plass i senga ( ) det blei vanskeleg å sove og sitte, og smerten mellom arm og bryst sat godt. Konsulterte fysioterapeuten min, fekk time tredje veke etter kinken og han kunne konstatere stram pec minor og major og teres minor, og skalene muskelen (for deg som kan dette ) - han støtta min tilnærming om å trene meir bakside og veldig lite framside overkropp. Tøying av pec minor og major og skalenemusklane; meinte eg kunne søke opp "Thoracic Outlet Syndrome" for meir info. Eg har nå mista styrken i høgre arm: testa brystpress med manualar - greier eigtl nesten 10reps med 10kg, men fekk ikkje opp 7,5kg ein einaste rep på høgre sida ( ) - tricepsen det same men ikkje fullt så ille, dvs litt meir styrke. Benkpress har eg jo kutta ut, og når eg berre skal løfte stanga (som tilsvarar kitt under 50%av maks på benk) så går det kjempefint med venstre arm, rett opp, mens høgre ja då ser det meir akrobatisk ut - tippar at eg pressar med fremre skulderen sidan pecs'en ikkje svarar Mitt opplegg vidare nå er å tøye forsiktig pecs og skalene og alt som kan altså klemme på nervene (må google TOS så får du opp fine bilder av anatomien av nervefletnigna som kjem i klem) - fysio'n meinte at eg godt kan bruke isolerande øvelser for pecs for å auke blodsirkulasjon og trene lett, men ellers var det lurt å styrke baksida - eg skal fokusere meir på beina nå ei stund også. Er det nokon her som har vore borte i dette? Ein kan jo google TOS og bench press og få mange treff. Men ein får jo også mange historiar som kan ta motet frå ein stakkar Veldig rart å ha mista så myke styrke i høgre arm - det er ingen smertar der lenger nå, armen responderer berre ikkje så godt. Så... nokon gode tips og råd? Eller berre litt oppmuntring, det hadde eg også satt pris på