Jump to content

RealistDama

Members
  • Content Count

    149
  • Joined

  • Last visited

  1. Må få slå eit slag for Helgelandsfjella, og eg ser jo at Sju Søstre og Visten allereie er nemnte her. Plenty av turar som startar omtrent ved havnivå og går opp til 800-1000 meter. Fantastisk utsikt i klårver! Luftigare fjell ute ved kysten, slakare terreng lenger inn. Mange er godt merka og lettgåtte så lenge fjellet er tørt. Kan få anbefale Dønnmannen, Tomskjevelen, Lovund og kven som helst av Sju Søstre ute ved kysten. I området Rana/Hemnes er det også ein gjeng med fjell, det er berre å boltre seg :-)
  2. Kjøpte mitt på eBay for ein billeg penge. Søk på dipping belt, for eksempel :-)
  3. Eg liker folk som er meir teknisk kompetente enn meg, tusen takk :-)
  4. Det er muleg det berre er eg som ikkje har leita godt nok, men eg fann ingen trådar kor tema var tatt opp. Er med jamne mellomrom innom FB på mobil, og då får sidene eit heilt håplaust oppsett som er vanskeleg å navigere i. Derfor står FB som mobilapp høgt på ønskjelista. Er dette noko som er diskutert før, eller enda betre - er undervegs? Eventuelt ønskjer eg meg tips til korleis eg kan få til eit meir brukarvenleg oppsett på eige hand (eg tar nemleg høgde for at det berre er eg som er teknisk inkompetent).
  5. RealistDama

    Turn-off

    Forsåvidt ein filleting, men det er ikkje stas å bli kyssa av ein dårleg morgonande. Eg vrakar ingen på grunn av dette, men ein blir ikkje frykteleg gira av sånt.
  6. Flott tråd, her var nok ein stad å hente inspirasjon I løpet av våren siktar eg meg inn på: - 20 pull-ups (med nøytralt grep, då dette heilt klart er greiast å gjennomføre på door gymen min) - 70 kg i benkpress - Å klare å synest at beintrening er like artig som armtrening, og deretter få heftig framgang der også. Ja, og så har det artig, sjølvsagt. Elles ser eg jo ikkje noko poeng i dette.
  7. Du skal sjølvsagt få meine akkurat kva du vil. Synest berre ikkje dialektane er så ulike nordpå, så lenge ein trekk ifrå Brønnøysund med nærområde. Skulle gjerne vore innehavar av ei nordafor-dialekt sjølv. (Når der er sagt har eg blitt mykje sterkare ved å trene litt meir systematisk. Kanskje det hjelper på dialekta også?)
  8. Dei er ikkje så aller verst sør for Bodø heller, berre så det er nemnt (sjølv om eg ikkje har klart å venne meg til søndre Helgeland heilt enno).
  9. Og så er det uendeleg viktig at han har tæl! Så lenge det er oppfylt trur eg at eg kan tåle mykje forskjellig. Det er sjølvsagt også ein fordel om han er mottakeleg for stygg humor. Har vakse opp nordpå og er miljøskadd. (Det teljer sjølvsagt til din fordel om du er veltrent, snill, og alt anna i den sjangeren, men du bør ha tæl og kunne tulle).
  10. RealistDama

    Turn-off

    Ikkje det at eg kastar meg over kvinnfolk til vanleg, men det synest ikkje eg heller er spesielt pent. Ikkje liker eg det ikkje på menn heller.
  11. Hahahaha, av og til må eg flire høgt sjølv om eg er aldri så aleine! Alltid artig å lære noko nytt.
  12. Mine puppar rykka opp eit nivå då eg vart sterkare i benkpress, og det ser eg absolutt ikkje på som noko krise. Trur ikkje eg har droppa så veldig i fettprosent, så dei er omtrent like store (små) som før. Trivst i grunn med det :-) Eg tenkjer at det er heilt greitt å ha litt fett på kroppen. Det er lov å trene styrke og bli sterkare utan at ein skal kvitte seg med alt fettet.
  13. RealistDama

    Turn-off

    Lurte litt på når den skulle dukke opp. Veldig einig. Tek eg heilt feil viss eg trur at menn synest det er turnoff med damer som er sterkare enn dei også? I så fall føler eg vi har løyst problemet (når vi blir sterke får dokker ver så god bli sterkare). Og så var det nokon her som snakka om intelligens. Du treng ikkje ha doktorgrad, men eg har rett og slett problem med å kommunisere viss du er ein sånn som syntest skulen var teit. Eg synest ikkje nødvendigvis mannen er teit, eg synest berre det er vanskeleg å snakke med han. Og då er det vanskeleg å sjå han for seg som aktuelt kjærasteemne.
  14. No er eg jo ikkje ekspert på sånt, men du ser på ingen måte skada ut (snarare tvert imot), så kanskje det går bra?
  15. Hahaha, klikka meg inn på tråden og følte med eitt at eg forstyrra noko veldig privat. Liker at dokker tek det her :-)
×
×
  • Create New...