Jump to content

Konkelimonke

Members
  • Content Count

    23
  • Joined

  • Last visited

  1. Hehehe! Kyllingfilet er "mitt" namn på det Bestemorvalk - *humre* Satsar på det er nokre år til eg er bestemor Elles forstår eg jo det at det er feittprosenten som gjeld - jobbar med saken Kyllingfiletane vert mindre og mindre - heldigvis
  2. Ja, reknar med eg berre må slita meg ned i feitt% - er på god veg Og trening for å byta ut feittet med musklar!
  3. Fann dette på nett - eg meiner det fettet som legg seg under bh-stroppen om du skjønar... oppå ribbene... og som vert ein valk over desse såkalla lovehandles'ane
  4. Eg har "kyllingfiletar" på ryggen. Ja, slike som ligg nedover ribbebeina liksom, ser ut som kyllingfiletar - i mangel av eit betre ord KORLEIS kan eg trena desse vekk? Eg veit at det "ikkje går an å punkttrena/slanka", men det må då vera effektive øvingar for å strama opp akkurat dette området?? Tek imot tips med stor takk! Tek seg ikkje ut med kjole og kyllingfiletar nei (ser gjennom nokre bilete frå eit bryllaup eg var i no nettopp...usjameg...)
  5. Hellu alle saman! Då har eg og gubben satt igang med freeletics, og eg vil nett høyra her inne om det er nokon som har erfaring med denne typen trening? (fokus på styrketrening kun ved hjelp av eigen kroppsvekt) Så langt; svært slitsamt og gangsperr!!!
  6. Takk takk! Var som eg tenkte at oppvarming vert enno viktigare om ein har gangsperr will do
  7. Korleis er det for musklane sin del om ein skal trena styrke, men har gangsperr utav ein annan verden? For det skal eg i dag serru... Hadde kviledag i går, men er jo så rykande fersk innan styrketreningsverda at gangsperren slepp nok ikkje med det fyrste nei... Eh...
  8. Aha! Skjønar eg må ta ein kikketur i butikken Takk for svar!
  9. Sant, sant... Men om ein på psmf skal ligge på under 20g feitt om dagen, nyttar det då ikkje å eta den vanlege kjøtdeigen ser eg Vel, eg får handla svinekjøtdeig då
  10. Er det slik at det fettet som er i kjøt, til dømes kjøtdeig, ikkje skal medreknast? Når ein følger psmf... Stadig litt grøn på området
  11. Eg melder meg inn i klubben! Veg i dag ca 75 kg... Har alltid hatt eit mål om 60kg, sjølv om eg i utgangspunktet har lyst til å drita i vekta og fokusera på måleband og velkjensle klarer eg det ikkje heilt... Dette er vektreduksjonsomgang nr to etter graviditet nr to. Før eg vart gravid med minsten klarte eg p gå ned frå 90kg til 63kg (huraaa!), så eg skal klara det igjen! Er av den "uheldige sorten" som ikkje går ned i vekt med amming, så her må det sterkare lut til. Er veldig glad i lavkarbo, men denne gongen sprekk eg litt for ofte på høgkarbo. Så planen er å få kickstart med psmf ei stund, for å flytta fokuset dit eg bør ha det :) Lukke til alle! If you dream it, you can do it! :)
  12. Fantastisk med eigen oppskriftstråd! Her skal ein ikkje gå tom for middagstips nei, no vert dei komande vekene VELDIG levelege for oss alle! :)
  13. Heisann godtfolk! No har eg lest auga stort og vått fleire dagar om Psmf. Eg og mannen min byrjar på måndag, så planlegging er godt igang. Men eg lurer på dette med antal g prot om dagen? Nokon som kan hjelpa meg å rekna kanskje? Meg: 163cm, 75kg. Ynskjer å gå ned mellom 10-15kg. Mannen: 173cm, 95kg. Ynskjer å gå ned 10kg (skal seiast at han har mykje musklar pga yrket, men vil få ned fettprosenten). Er det nokon som har erfaring med familieliv og psmf? Me har to barn som ikkje treng diett for å sei det slik ekstra ris til middagen? Og med tanke på $ ... Er ikkje dette ein relativt kostbar diett? Vert takksam for svar! :)
×
×
  • Create New...