Jump to content

Zeph

Members
  • Content Count

    1315
  • Joined

  • Last visited

About Zeph

  • Rank
    Fitness blogger

Recent Profile Visitors

The recent visitors block is disabled and is not being shown to other users.

  1. Akkurat. Det skal vere fiksa no. Trente benk, roing og knebøy i går. I dag var korsryggen verre enn dei siste dagane då eg sto opp så eg kjem nok til å bestilla ein legetime og sjå om eg kan få tatt røntgen eller noko sånt. Det kjennes ikkje ut som det går særleg framover og det blir berre verre når treningen er tyngre.
  2. Takk for svar. Video av knebøy: https://youtu.be/_vKDqG9-x-Q og https://youtu.be/DXA6TaDawTw Eg har aldri hatt problem med ryggen forutan dei to tilfella der eg har fått strekk under vektløfting. Eg starta med low-bar om eg minnest riktig, og at eg fekk strekken med low-bar. Teknikken var nok dårlegare på den tida. Videoane er frå 2012. Usikker på om det er før eller etter første gang eg fekk strekk, men det illustrerer vel ein del form og løft der eg fokuserte på mage ut og meir svai. Har ikkje tatt noko film sidan den gang, men eg kan evt. prøve å få tatt noko av det eg jobbar med i dag. Strekken i fjor kom ifm. markløft der eg mistenker for tunge vekter for kjernemusklaturen og kanskje dårleg teknikk. I ettertid fekk eg støtsmerter i korsryggen ved bøying framover og meir kontinuerlig smerte ved bøying bakover som blir verre jo lengre eg bøyer meg. I dag er støtsmertene ved bøy framover nesten heilt borte, mens bakover er dei endå der. Eg kan òg provosere dei fram ved å stramme i korsryggen, utan noko bevegelse. Det kjennes ut som smertene bakover avtar, men det tar tid. Har ikkje kjent noko strålesmerter ut over andre områder. Nøyaktig posisjon er vanskeleg å seie, men det er i området midt på ved halebeinet. Dei siste treningane har eg testa knebøy med denne teknikken: https://youtu.be/792Arn-BZEs , som eg synest fungerer betre. Det kjennes ut som eg kjem ned til parallell utan å sleppe ryggen nederst og at eg har meir kontroll over ryggen heile veien. Stiller eg meg opp som før med bekkenet tilta framover, så kjem eg eit stykke før det blir så stramt i beina at eg ikkje kan gå lengre ned utan å måtte sleppe spenn i magen og miste kontroll over ryggen. Det eg har tenkt skjer med tidlegare teknikk med mage ut og meir svai, er at eg brukar opp ROM i ryggen med svai og halvveis ned så må korsryggen gje tapt pga. for mykje strekk. Med bekkenet rotert meir oppover verkar det som eg får brukt ROM ned til parallell utan å ofre stabilitet i korsryggen på veien. Eg har ikkje testa med noko tyngre enn 40kg så langt fordi korsryggen har blitt meir sår dagane etter trening med tunge løft. Eg tenkte å ta det litt rolegare inntil smertene i korsryggen roa seg ned.
  3. Skal prøve å gjere det litt kort. Trent av og på i ~6 år. Fekk ein strekk i korsryggen under knebøy for 4 år sidan og har etter det ikkje trent stort knebøy. Fekk ny strekk i august i fjor og gjekk fram til mai i år før eg gjekk til fysio. Fekk eit opplegg eg skulle gjere og det går framover, men eg har framleis smerter ved bøying bakover. Fysio meiner eg skal kunne bli 100%. Eg har mykje svai i korsryggen (anterior pelvic tilt, anterior bekkentilt, hyderlordose etc.) og mistenker at dette er noko som har ført til plagene. Eg vil gjerne trene både markløft og knebøy utan smerter og med riktig teknikk. Tidlegare har eg fokusert på meir svai og fram med magen, men ser no at det kanskje ikkje er så heldig. Det har blitt veldig mykje svai som har ført til at det stoppa opp eit godt stykke før parallell i knebøy, og så har korsryggen måtte gje tapt og rumpa vippa ned. Legg ved nokre bilete for å illustrere normal holdning når eg slappar av. Burde eg gjere noko for å endre på holdningen, og i så fall kva? Internett er veldig delt på dette området. Nokon seier strekk her, andre stram der, nokre strekk her og stram der. Det er ikkje til å bli heilt klok på. Vil eg kunne trene betre med ein ev. korrigering av holdningen og er det noko som kan endrast permanent? Korleis bør eg jobbe med teknikk i spesielt knebøy og markløft for å kunne trene utan fare for ny strekk og det som verre er?
  4. Nokon som har erfaring med og tips til valg av senter om ein bur på Sagene? Kvalitet/utval av utstyr og storleik er vel det viktigaste. Er ikkje interessert i gruppetimar. Det blir primært eigentrening med frivekter, samt kanskje nokre apparat. Senter eg så langt har lokalisert og har tenkt å gå innom før eg bestemmer meg: SATS Sagene (399,-/mnd for 12 mnd binding) Fresh Fitness Ullevål (249,-/mnd, ingen binding, kan bruke alle senter i landet) Imperia Gym (349,-/mnd, 12 mnd binding) FitnessXpress Storo (299,-/mnd, ingen binding) SATS Sagene har ein stor fordel med at det tar 3 minutt å gå til, men eg er ikkje framand for å gå lengre evt. ein kort busstur for eit betre tilbod. Forrige senter eg var på var eit Fresh FItness-senter og eg likte det godt. Det rimelegaste alternativet og ein får tilgang til fleire senter. Imperia er tidlegare Sandaker Treningssenter og høyrer ikkje til noko kjede. Myren Sportssenter er ikkje så langt unna og har eit veldig omfattande tilbod, men eg hadde nok endt opp med å betale for meir enn nødvendig (599,-/mnd). Så langt er SATS og Fresh mest interessant grunna avstand. Fresh kan eg evt. teste ein månad eller to og så melde meg ut av.
  5. Takk for svar! Akkurat no er eg nokre tusen kilometer frå fastlegen. Har eit midlertidig opphald i Tromsø fram til 12.juni. Fastlege og fysioterapeut i mitt område får eg altså ikkje tilgang på før 13. juni. Innan eg kjem meg tilbake er det gått tre veker sidan skaden, så eg tenkte å få ein time med fysioterapeut her i Tromsø først for eventuelt å starte med noko før eg reiser ned igjen. Få litt tips til korleis eg bør behandle den framover.
  6. For 5 dagar sidan fekk eg høgre skulder ut av ledd for første gang. Det var helsepersonell innan rekkevidde og den var på plass igjen etter to timar. Sidan har eg gått med fatle for å avlaste og halde den i ro. Dei siste dagane har eg kunnet ta i bruk armen meir, men løftar berre lette ting og har overarmen inntil kroppen bortimot heile tida. Spørsmålet er kvar eg går vidare no når det snart er gått ei veke. Det vil ta mange månader å få den tilbake i normal funksjon, men eg veit ikkje når eg bør starte med bevegelse og opptrening. Har tenkt å gå til fysioterapeut eller naprapat, men ikkje heilt sikker på når det bør skje. Det viktigaste er å få den rehabilitert så bra som mogleg, ikkje at det skal gå fort. Det er større sjanse for å få den ut av ledd igjen no, og denne første perioden er viktig for å få tilbake god funksjon. Er 29 år forresten.
  7. Har i dag ein stor blå RumbleRoller som fungerer greit, men skulle hatt ei 30cm-rulle til å ha på jobb. Har leita litt rundt og ser det er ein del nytt sidan sist eg kjøpte. LEVITY Fitness Foam Roller Black RumbleRoller Trigger Point Grid GoFit Foam Roller Advanced Tips?
  8. 1500 + frakt. Brukt 2-3 ganger, selges fordi dei ikkje vil bli brukt.
  9. Ikkje noko anna mat enn normalt. Får eg det servert, så seier eg ikkje nei takk til litt rjommegraut.
  10. Eg vel å heller tru på studiar enn eit særs lite nyttig utsagn. Eg har vanskeleg for å tru at det ikkje er forskjell på å drikke med sugerøyret bak i gangen, og å drikke rett frå glaset.
  11. Zeph

    "mister" grepet

    Har gåinga noko hensikt i forhold til grepet, eller kan ein like godt stå i ro?
  12. Er nok mykje hysteri for ingenting på grunn av bakteriar. Relevant: http://0-media-cdn.foolz.us/ffuuka/board/tg/image/1332/80/1332807917188.jpg
  13. Å drikke med sugerøyr vil altså ikkje bety noko som helst? Det veit eg ikkje heilt om eg trur på, men kanskje eg kan læra noko nytt. http://www.knowyourteeth.com/infobites/abc/article/?abc=s&iid=295&aid=1154
  14. Det er vel ikkje noko nyhende at lettbrus har syre som er uheldig for tennene? For øvrig ein særdeles teit samanlikning med crack og meth.
  15. Det var eit eksempel. Eg meinte ikkje nokon i denne diskusjonen.
×
×
  • Create New...